Grilla vannmelon med ost og nøtter

Grilla vannmelon med ost og nøtter

Grilla vannmelon er søtt og godt, og med saltsmaken frå osten er dette eit herleg lite måltid. Denne retten kan fint serverast anten som forrett eller som dessert, og kan toppast med akkurat den osten og nøttene du likar. Pistasjenøtter, valnøtter eller pinjekjerner er blant mine favorittar, saman med blåmuggost eller fetaost. I denne versjonen har eg brukt pekan-nøtter og ein ny type Philadelphiaost som vi fann på ferie. Den liknar fetaosten du får kjøpt i blokk, og kan smuldrast mellom fingrane.

Grilla vannmelon med ost og nøtter

Til ein porsjon treng du:

  • 2 melonskiver (i den størrelsen du ønskjer)
  • 1 ss hakka pekan-nøtter
  • 1 ss smuldre ost, her Philadelphia
  • ei klype maldonsalt
  • litt peppar
  • litt god olivenolje
grillet vannmelon

Slik gjer du:

  1. Grill melonen på middels varme på kvar side, til du får fint grillmønster.
  2. Legg over på eit fat og strø over nøtter og ost.
  3. Ringle over litt god olivenolje og dryss over litt salt og peppar.
  4. Nyt.
vannmelon

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.