Gresk yoghurt med honning, nøtter og bær

gresk yoghurt

Med norske bringebær i sesong er dette ein superenkel og smakfull dessert, eller eit eige lite måltid, som du raskt kan lage. Du kan bruke dei nøttene du vil, eller gjere som her og bruke mandlar i staden. På få minutt får du ei herleg skål med både søt, syrleg og frisk smak.

 

Til ein porsjon treng du:

  • 3 ss gresk yoghurt
  • 1-2 ts akasiehonning
  • 1 ss hakka rå nøtteblanding: pekan, cashew, peanøtter, pistasje.
  • 3 bringebær
gresk yoghurt dessert

Slik gjer du:

  1. Rist gjerne nøttene i ei varm, tørr steikepanne til du kjenner at dei gir frå seg ei god lukt (kan sløyfast). La avkjøle før du grovhakkar dei.
  2. Ha gresk yoghurt i eit glas og strø nøttene over.
  3. Ha over honningen og pynt med bæra.
  4. Servér:)
bringebær gresk yoghurt

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.