Enkel sommarsalat med reker

rekesalat

Enkle men smakfulle rettar som er kjekt å ete til lunsj, lett middag eller kvelds er gull. Avokado og reker er to smakar som passar bra i lag, og desse spelar hovudrolla i denne enkle salaten. Prøv og sjå kor godt dette smakar i lag – vil du ha fleire ingrediensar er det sjølvsagt berre å legge til det du måtte ønskje.

Til ein porsjon treng du:

  • 2 nevar reker
  • 2 nevar grøn crispi salat
  • 1 liten avocado
  • Frisk dill
  • Sitronskive
  • Litt majones
  • Salt og peppar

Dressing:

  • 1 ts eplecidereddik
  • 2 ss god olivenolje
  • 1 ts flytande honning
  • salt og peppar
salat med reker

Slik gjer du:

  1. Rens rekene.
  2. Vask og skyll salaten godt. Tørk den gjerne i ei salatslynge, før du riv den i bitar.
  3. Del avocadoen i to, ta ut steinen og skjær opp rutemønster før du tek ut kjøtet med ei spiseskei.
  4. Rør saman dressingen.
  5. Legg salat og avokado på eit fat og ringle over dressingen.
  6. Riv opp frisk dill og ha over saman med sitronsaft, eller bland det inn i dressingen.
  7. Krydre med ekstra salt og peppar.
  8. Server med majones og gjerne godt brød. Kanskje har du desse krydderknutane på lur?;)
Enkel sommarsalat med reker

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.