Pavlovarull

jordbær kake

Likar du Pavlova likar du garantert Pavlovarull. Det er praktisk talt samme kaka, berre at den er rulla saman og servert som ei rullekake i staden.

Den tradisjonelle Pavlova-kaka må helst pyntast rett før servering for at den skal sjå finast ut, medan denne rullen blir betre og lettare å skjære om den får stå litt. Dermed er den perfekt å ha med i selskap eller andre plassar der ein gjerne har andre ting å bruke tid på enn å pynte kake.

pavlova rull

Til 1 pavlovarull treng du:

  • 5 eggekviter
  • 200 g kokossukker *
  • 1 klype salt
  • 1 neve mandelflak

Fyll:

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 vaniljestang
  • 400 g jordbær delt i fire
  • 100 g blåbær

* Kokossukker (også kalle palmesukker/kokosblomstsukker) kan du kjøpe på helsekost eller iherb eller bytte ut med vanleg kvitt sukker.

pavlovarull

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 175 grader.
  2. Visp litt av sukkeret med saltet og eggekvitene til du får mjuk marengs.
  3. Ha i resten av sukkeret gradvis, og visp vidare til du får tjukk og fyldig marengs.
  4. Stryk massen uttover eit bakepapirkledd steikebrett og strø mandelflak over.
  5. Steik midt i omnen i 20 minutt.
  6. Legg eit bakepapir og ei rist på toppen av kaka og snu den rundt slik at den får avkjøle opp ned (Nokre rår til å smøre dette bakepapiret for å få kaka til å sleppe betre).
  7. Avkjøl heilt, gjerne over natta.
  8. Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa med baksida på ei teskei.
  9. Visp vaniljefrø og krem til fyldig krem.
  10. Stryk kremen utover og legg bæra over.
  11. Rull saman så godt du klarer og pynt med resten av bæra.
  12. Oppbevar i kjøleskap, kaka blir lettare å skjære dersom den får stå litt.
budapestrull

Du kan sjølvsagt pynte med dei bæra du vil og gjerne bruke frosne bær. Då let du berre mandlane stå for pynten på utsida, dei som ligg inne i kaka er det jo ikkje nokon som skal sjå på likevel;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.