Chocolate chip cookies (glutenfri/paleo)

chocolate chips cookies (glutenfri/paleo) Litt mindre sukker og litt mindre kveitemjøl er noko eg har klokketru på, for heile den vestlege verda eigentleg. Men ein treng ikkje ete smaklaust og kjedeleg fordi om.

Vi hadde frykteleg lyst på noko godt her ein ettermiddag, og kidsa og eg laga desse knallgode kjeksa. Dei gjekk ned på høgkant, og ingen kjende forskjell frå dei sjokoladekjeksa vi vanlegvis lagar med kveitemjøl og sukker i.

Litt andre ingrediensar, litt ekstra næring og dermed variasjon og «litt av alt» i kosten. Finn fram ingrediensane og gled dei rundt deg. Til 12-15 kjeks treng du:

  • 200 g mandelmjøl (*sjå tips nederst på sida)
  • 1 klype salt
  • ½ ts natron
  • 50 g smelta kokosfett (helst extra virgin)
  • 2 ss flytande honning
  • 1 ts vaniljeekstrakt el 1 ts vaniljesukker
  • 100 g hakka mørk kokesjokolade, gjerne 75 %.

sjokoladekjeks Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane i ein bolle, unnateke sjokoladen, og rør saman til ei deig. Bruk gjerne ei kjøkkenmaskin om du har.
  2. Vend inn den hakka sjokoladen.
  3. Form ei pølse av deiga og pakk den inn i plastfolie/bakepapir. Legg i kjøleskapet i 15-30 min (kan ligge lenger, eller du kan legge den i frysaren til seinare bruk).
  4. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.
  5. Del opp pølsa i 12-15 bitar, alt etter kor store cookies du vil ha, trykk flate og legg på bakepapirkledd steikebrett.
  6. Steik i 15-20 min, til sjokoladekjeksa er gyldne. (Følg med på slutten, omnen din kan vere ulik min..!)
  7. Avkjøl på bakepapiret.
  8. Oppbevar i lufttett boks.

paleo sjokoladekjeks *Mandelmjøl kan du kjøpe på helsekost, eller du kan enkelt lage det sjølv om du har ei kvern eller ein foodprosessor. Å kverne mandlar er finfint ”barnearbeid”, eg hugsar sjølv at vi fekk kverne mandlar på mamma si gamle kvern og mine kids synest det er like stas med nymotens kvern og elektrisitet;) Berre å kverne og oppbevare i lukka pose i skapet, så har du klar neste gong du skal bake.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.