Grilla hamburger

hamburger

Heimelaga hamburger er ujålete og finfin mat å servere neste gong du grillar. Har du i tillegg vore lur og laga hamburgerbrøda på førehand, slik at dei berre kan tinast frå frysaren er dette rask og enkel middag. Butikk-kjøpte brød dug som reserveløysing! Prøv du også då vel:)

Til tre grilla hamburger treng du:

Hamburger:

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 ts salt
  • 1 egg

Hamburgerbrød:

  • 3,5 dl mjølk
  • 1 ss sukker
  • 3 ss olivenolje
  • ½ pk tørrgjær
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • sesamfrø

Hamburgerdressing:

  • 3 ss majones
  • 1 ts dill
  • 1 ts paprikapulver
  • ¼ ts salt
  • 1 liten skvis sitron

Tilbehør

  • tomat
  • crispisalat
  • sylteagurk
  • rødløk

 

heimelaga hamburger

Slik gjer du:

Hamburgerbrød:

  1. Varm mjølka til den er fingervarm og bland den med resten av ingrediensane.
  2. Elt for hand eller med kjøkkenmaskin til du har ei smidig deig.
  3. La heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del opp deiga i åtte emner, bruk godt med mjøl på henda og trill ut åtte bollar.
  5. Trykk bollane litt flate og la dei heve i 20-30 min.
  6. Pensle hamburgerbrøda med mjølk og strø over sesamfrø.
  7. Steik på 200 grader i ca 10 min, til dei er gyldne.
  8. Avkjøl på rist.
  9. (Legg dei ekstra hamburgerbrøda i frysaren, så har du klar til neste gong!)

Hamburger:

  1. Rør alle ingrediensane saman til du får ei litt seig deig. Raskt i kjøkkenmaskin (eg brukte K-spaden på Kenwoodmaskina) eller litt lenger for hand.
  2. Del i tre og form dei til kvar sin ball og trykk dei ca 1 cm flate. (Dette gjer du lettast på ei litt våt skjærefjøl, og ved hjelp av småhakking med ein kniv.)
  3. Steik på middels-høg varme på kvar side, til dei er gjennomsteikte.

Hamburgerdressing:

  1. Rør saman alle ingrediensane.
  2. Smak eventuelt til med meir krydder.

Server hamburge med dressing, tomat, salat, sylteagurk, rødløk og ketchup. Det kan vel ingen seie nei til?:)

Grilla hamburger

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.