Pai med bacon og marikåpe

 

pai med marikåpe

I bursdagsgåve fekk eg (les: kjøpte sjølv og pakka inn) denne boka, med mykje fine tips om planter som kan brukast i matlaging. Der var det blant anna marikåpe som veks nær huset vårt, og då måtte vi nytte høvet og plukke ein bukett. Mild og god smak, full av næringstoff, som både er kortreist, usprøyta og gratis. Marikåpe kan nyttast i alle rettar i staden for spinat, så det er berre å plukke med deg ein bukett neste gong du ser blada:)

Til ei paiform ca 24 cm treng du:

Paibotn:

  • 4 dl kveitemjøl
  • 1dl varmt vatn
  • 1dl solsikkeolje

Sjå nederst på sida for glutenfri variant av paibotn.

Fyll:

  • 20-30 marikåpeblad (her kan du bruke spinat i staden)
  • 1 liten løk
  • 3 ss hakka soltørka tomat
  • 2 fedd kvitløk
  • 100 g bacon
  • 2 nevar reven ost
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • 1 ts basilikum
  • salt og peppar
marikåpepai

Slik gjer du:

  1. Bland saman mjøl, olje og vatn og trykk ut i ei paiform. Paibotnen kan gjerne forsteikast i ti min på 200 grader om du har tid, men dette er ikkje nødvendig.
  2. Del løken i terningar.
  3. Skyll og knip av stilkane på marikåpene. Tørk blada i ei salatslynge og hakk dei opp.
  4. Del bacon i bitar og sprøsteik på middels-høg varme i ei steikepanne.
  5. Legg løk, marikåpe, bacon og soltørka tomat på paibotnen.
  6. Visp saman egg og mjølk, ha i salt, peppar og kvitløk i små bitar.
  7. Hell eggeblandinga over og strø reven kvitost over.
  8. Steik i 30-40 min på 200 grader.
  9. La kvile i ti min, server med godt brød og salat.

 

PS. Pai smakar enda betre dagen etter! Nyt den kald eller varm den nokre minutt i steikeomnen igjen:)

sommerpai

 

Glutenfri versjon:

  • 3 dl toro glutenfri lys mjølmiks
  • 100 g romtemperert smør
  • 1 egg
  1. Kjør saman i ei kjøkkenmaskin og trykk ut i paiforma.
  2. Prikk med ein gaffel og steik i 10 min, avkjøl litt før du har i fyllet.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.