Grilla asparges med spekeskinke

grillet asparges

Grillsesongen er i gong, og då er det kjekt med smårettar som kan serverast ved sidan av eller som ein liten forrett. Grilla asparges er nydeleg som tilbehør eller som eit lite måltid for ein. Raskt og enkelt, det treng berre få minutt på grillen og minimalt med førebuing. Dette går like fint på ein eingongsgrill som ein gassgrill, prøv då vel:)

Som tilbehør til 2-3 eller eit lite måltid treng du:

  • 6 asparges
  • 3 skiver spekeskinke
  • litt olivenolje
  • salt og peppar
asparges grill

Slik gjer du:

  1. Skyl aspargesen.
  2. Hald rundt aspargesen heilt nede med eine handa og rett under toppen med den andre. Bøy til aspargesen knekk naturleg, og kast den nedste delen.
  3. Tvinn spekeskinka rundt og pensle med olivenolje.
  4. Strø over salt og peppar.
  5. Grill på medium-sterk varme til spekeskinka er steikt og aspargesen framleis sprø.
  6. Nyt.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.