Eltefri rundstykke til hytteturen

 

eltefri rundstykker

Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier du? Følg med; du treng slett ikkje eit velutstyrt kjøkken for å lage desse! Lag blandinga heime der du har alle ingrediensane klare, og ta med deg den ferdige blandinga på tur. På hytta treng du ein bakebolle med lokk (eller plast til å dekke den), eit bakepapir og ein steikeomn sjølvsagt. Denne versjonen er laga med berre små frø, slik at den skal vere lett å like for barn (og vaksne).

Til ca 10 rundstykker treng du:

  • 150 g grov sammalt rug
  • 350 g kveitemjøl
  • 50 g linfrø
  • 50 g sesamfrø
  • 1ts tørrgjær
  • 1ts salt
  • (1ss flytande honning)
  • 4 dl lunka vatn
rundstykker

Slik gjer du:

Heime:

  • Ha alle dei tørre ingrediensane i ein brødpose og knyt igjen. Lag så mange som du treng for heile turen. Pakk med bakepapir!
rundstykker til hyttetur

På hytta:

  1. Tilset vatn (og honning om du har).
  2. Rør alt raskt saman til ei klissete deig og la heve ca. 10 timar, gjerne over natta.
  3. Bruk ein slikkepott og brett deiga nokre gongar over kvarandre, før du har den over på eit bakepapir og brettar den slik at du får forma ei avlang pølse. (Sjå bilete her)
  4. Strø med litt mjøl og legg over plast, eller berre la den ligge på benken som den er.
  5. La heve i 30 min, medan omnen får varme seg opp til 250 grader med eit steikebrett inni.
  6. Del pølsa opp i rundstykker vha ein kniv eller ein spiss slikkepott. (Eit tips her er å bløyte kniven/slikkepotten mellom kvar gong du deler deiga, då heng ikkje deiga fast.)
  7. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og skru ned til 230 grader.
  8. Steik midt i omnen i 12-15 min. Avkjøl på rist og servér nydelege heimelaga rundstykker, sjølv på hytta:)
kvardagsmat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.