Iskake med Daim

iskake med daim

Iskake er genialt. Du lagar den lenge før du treng den, og unngår oppvask og stress den dagen du skal ha gjestar. Denne versjonen har eg fått av ei tante og er det noko sunnmøringar kan så er det å lage kaker! Denne kaka er i tillegg utan kveitemjøl og med mandlar i staden for nøtter, kjekt om det er allergiar ute og går.

Du treng:

Botn:

  • 200 g mandlar
  • 150 g melis
  • 4 eggekviter
  • ¼ ts bakepulver

Topp:

  • 3 plater gelatin
  • 1 dl sterk kaffi
  • 4 eggeplommer
  • 100 g sukker
  • 5 dl kremfløyte
  • 1 dobbel Daim

Pynt:

  • 1 dobbel Daim
daimiskake

Slik gjer du:

Botn:

  1. Mal mandlane og bland desse med melis og bakepulver.
  2. Stivpisk eggekvitene og vend forsiktig inn.
  3. Kle ei rund form (ca 24 cm) med bakepapir i botnen og smør kantane.
  4. Ha røra i og steik midt i omnen på 200 grader (over- og undervarme) i 20-30 min.
  5. Avkjøl i forma.

Topp:

  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 10 min. Knip ut vatnet og rør dei inn i kaffien til alt er oppløyst.
  2. Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis. Bland i kaffien. (Pass på at ikkje kaffien er for varm, og bland inn i ein tynn stråle.)
  3. Pisk kremfløyta til krem. Bland inn hakka Daim.
  4. Bland saman eggedosisen og kremen. Ha over i forma, dekk med plast og frys ned.

Servering:

  1. Skjær rundt langs kanten, slik at kaka losnar frå forma.
  2. Løys ringen rundt kakeforma, slik at botnen kan takast av.
  3. Fest ringen rundt kaka igjen, og bruk denne til å halde kaka medan du dreg av bakepapiret.
  4. Sett kaka på eit serveringsfat og fjern kakeringen.
  5. Hakk opp sjokolade og legg på toppen.
iskake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.