Kylling med honning, sitron og quinoasalat

kylling med honning og sitron

Kylling med honning- og sitronmarinade er nydeleg godt! Den steiker i omnen (eller på grillen om du vil) medan du kokar quinoa og deler opp grønsaker. Dermed er quinoasalaten klar når kyllingen er ferdigsteikt, og middagen kan nytast på ein halvtimes tid.

Quinoa kokar du på same måte som ris. Ein del quinoa med to deler vatn og litt salt. Hugs å skylle quinoaen godt i eit dørslag før du har den i gryta, til det ikkje skummar lenger. Då fjernar du ei tynn hinne av bitterstoff som ligg rundt frøa for å beskytte dei mot insekter, såkalla Saponin. Ofte er quinoaen som vi kjøper i Norge allereie skylt, men eg skyller alltid uansett men då ikkje så lenge om eg ser at det ikkje skummar.

Kylling med honning, sitron og quinoasalat

Til 2-3 personar (får du restar er dette super lunsjmat dagen etter)

Kylling:

  • 1-2 kyllingfilet (gjerne økologisk eller frå Stange)
  • Safta frå ½ sitron
  • 2 ss honning
  • 1 ss olivenolje

Quinoasalat:

  • 2 dl quinoa
  • 4 dl vatn
  • 1 klype salt
  • ½ squash
  • ½ agurk
  • 2 tomatar
  • ½ raud paprika
  • ½ brokkoli, gjerne stilken
  • frisk basilikum
  • 2 ss god olivenolje
  • 1 ss balsamicoeddik
  • salt og peppar
quinoasalat

Slik gjer du:

Kyllingen:

  1. Set steikeomnen på 200 grader.
  2. Press ut safta frå sitronen. Bruk ein gaffel og stikk inn før du vrir rundt og klemmer. Bland i honningen.
  3. Smør ei eldfast form med olivenolje og legg kyllingfileten på.
  4. Hell over honning og sitronblandinga.
  5. Steik i 30-40 min, til kyllingen er gjennomsteikt.

Quinoasalat:

  1. Ha quinoafrøa i eit dørslag og skyll dei godt til det sluttar å skumme.
  2. Ha frøa i ei kasserolle saman med vatnet og ei klype salt.
  3. Kok opp og la småkoke med lokk i ca 15 min, til frøa opnar seg. Ta av lokket og la dampe tørre.
  4. Del opp squash, agurk, tomat, paprika og brokkoli i bitar. Stilken smakar mindre ”brokkoli” enn toppen og er fin-fin å ha i salat, også for dei som ikkje er glade i brokkoli.
  5. Bland saman olivenolje, balsamicoeddik, litt salt og peppar og rør det godt inn i quinoafrøa.
  6. Bland saman quinoa og grønsakene.

Server quinoasalat og kylling med frisk basilikum. Gjerne med ei sitronskive på toppen.

Kylling med honning, sitron og quinoasalat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.