Bearnaise saus

biff bearnaise hasselbackpoteter

Å lage bearnaise saus er slett ikkje vanskelg. Lag den over vassbad -då har du betre kontroll med varmen og unngår at sausen skil seg. Her gir eg deg steg for steg instruksjonar til ein nydeleg heimelaga saus:

 

Til bearnaise saus treng du:

  • 1 sjalottløk
  • 1 ts estragon
  • 2 ss kvitvinseddik
  • 2 ss vatn
  • 150 gr smør
  • 3 eggeplommer
  • Salt og peppar

Slik gjer du:

klaret smør

Klarne smør:

Ha smøret i ei kasserolle og set det til smelting på lav-middels varme. Ikkje rør i det, men la det stå i ro slik at det deler seg i tre lag. Du er eigentleg ute etter laget i midten, men for enkelheitsskuld brukar vi både laget i midten og på toppen.

Medan smøret smeltar lagar du til løkblandinga.

hjemmelaget bernaise

Løkblanding:

  1. Finhakk løk og ha det i ei anna kasserolle saman med 1 ss smør.
  2. La det surre nokre få minutt til løken blir blank.
  3. Ha i estragon, kvitvinseddik og vatn.
  4. La dette koke inn til halve mengda.

 

heimelaga bernaise-saus

Vassbad

  1. Ha eggeplommene i ei metall- eller glasskål som tåler varme.
  2. Fyll vatn i ei kasserolle som du kan setje skåla opp i. (Skåla skal ikkje vere i kontakt med vatnet.)
  3. Kok opp vatnet og ta deretter kasserolla bort frå varmen.
  4. Visp saman egga og bland inn løkblandinga. Set skåla over det varme vatnet og visp til det tjuknar.
  5. Hell i litt av smøret i ein tynn stråle medan du fortsett å vispe. (Hell forsiktig, slik at melkerestane på botnen ikkje blir med).
  6. Når smøret er vispa inn gjentek du til du har fått inn alt smøret.
  7. No er sausen klar til servering, men om du vil kan du presse den gjennom eit dørslag slik at du får ein saus utan løkbitar i. Strø i litt ny estragon, smak til med salt og peppar, og server!
heimelaga bernaise

Dersom sausen skil seg:

Blir det for varmt, ja det kan skje den beste, skil sausen seg. Då endar du opp med ei eggerøre-liknande masse og smøret flytande på toppen. Men det kan som regel fiksast!

  1. Ha ei ny eggeplomme og 1ss kvitvinseddik i ein bolle og visp saman.
  2. Ha 1 ss kaldt vatn i den skilde sausen.
  3. Set bollen over vassbad (med litt mindre varme, slik at du ikkje gjer samme feilen igjen) og visp til eggeplomma byrjar å tjukne.
  4. Ha gradvis inn den skilde sausen.
bernaise-saus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.