Torsk med spekeskinke og byggotto

torsk

Eg har lenge skulle ha laga byggotto, sidan bygg er eit av dei mest næringsrike kornslaga vi har, og sidan risotto er så digg. Det var berre dette å hugse å legge byggkorna i bløyt natta over… Men det hugsar du lett og dermed kan du by på ein herleg torskemiddag på ein heilt vanleg kvardag!

 

Til 3-4 personar treng du:

Torsk:

  • ca 400 g torsk
  • 4 skiver spekeskinke
  • 3-4 ss hakka soltørka tomat i olje
  • 4 ts smør
  • salt og peppar

Byggotto:

  • 1 dl (tørr) bygg (blautlagt over natta)
  • 1-2 sjalottløk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1 ss olivenolje
  • 1 dl eplejuice
  • 3-4 dl vatn + grønsakbuljong
  • ein neve reven parmesan
  • 1-2 ts smør

Squash-råkost:

  • ½ squash
  • 1 ts olivenolje
  • 1 ts sitronsaft
  • salt og peppar
byggotto

Slik gjer du:

Torsk:

  1. Set omnen på 160 grader.
  2. Ha litt olje i ei eldfast form og legg fiskestykka i den.
  3. Krydre fisken med salt og peppar.
  4. Legg 1 ts smør, 1 spekeskinke og 1 ss hakka tomatane på kvart stykke.
  5. Steik fisken til den flakar seg, dette tek ca 20 min.

 

Byggotto:

  1. Finhakk sjalottløk og kvitløk.
  2. Ha løk og bygg i ei kasserolle og fres i oljen til løken blir blank.
  3. Hell over eplejuicen og la koke inn. Rør med jamne mellomrom.
  4. Kok opp vatnet og løys opp buljongen slik at du har det klart ved sidan av.
  5. Ha i ei ause av det varme vatnet og la det koke nesten heilt inn før du har i neste.
  6. Fortsett slik til byggryna er blitt møre, det tek ca 15-20 min.
  7. Trekk kasserolla av varmen og ha i parmesan og smørklatten, men ikkje rør det inn.
  8. Legg på eit lokk og la smør og ost smelte inn i 3-4 minutt.
  9. Rør rundt og byggottoen er klar til servering.
  10. Riv squashen på eit rivjern og bland med olje, sitronsaft, salt og peppar. Server gjerne ei sitronskive til. Velbekomme!
byggrisotto

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.