Hamburger med tomatsalsa og pommes frites

hjemmelaget hamburger

Heimelaga hamburger og pommes frites slår all gatekjøkken mat du har ete, og hamnar på lista over noko du kunne bestilt på ein god restaurant. Du kan gjere mykje klart på førehand og få ein rask middag, eller bruke kvelden på kjøkkenet saman med nokon du er glad i. God mat blir det uansett!

Til fire personar treng du:

Hamburger:

  • 800 g karbonadedeig
  • 1,5 ts salt
  • 1 ss chilipulver
  • 1 ss peppar

Hamburgerbrød:

  • 3,5 dl mjølk
  • 1 ss sukker
  • 3 ss olivenolje
  • ½ pk tørrgjær
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • sesamfrø

Tomatsalsa:

  • 50g soltørka tomat i olje
  • ½ rødløk
  • 75 g sylteagurk
  • 1 ss olivenolje

Hamburgerdressing:

  • 3 ss majones
  • 1 ts dill
  • 1 ts paprikapulver
  • ¼ ts salt
  • 1 liten skvis sitron

Pommes frites:

  • 1 kg amadine poteter
  • solsikkeolje til fritering
  • salt
heimelaga hamburger

Slik gjer du:

Pommes frites:

  1. Vask potetene godt. Del dei i to, og deretter i tre, slik at du får noko som liknar på stavar.
  2. Legg potetene i lunka vatn i 20 min for å få av overflatestivelse.
  3. Hell av vatnet og fyll på med nytt kaldt vatn. Kok opp og la koke i 15-20 min til dei nesten dett i frå kvarandre.
  4. Ta potetene forsiktig opp med ei hullsleiv og legg dei over på ei rist for å dampe av seg. Sett rista i frysaren, og la dei ligge på frys i ein time.
  5. Varm opp oljen til 130 grader og friter til potetene har fått ei hard flate. La dei renne av seg på eit kjøkkenpapir.
  6. Auk varmen til 180 grader og friter ein gong til, til potetstavane har blitt gyldenbrune.

 

Hamburgerbrød:

  1. Varm mjølka til den er fingervarm og bland den med resten av ingrediensane.
  2. Elt for hand eller med kjøkkenmaskin til du har ei smidig deig.
  3. La heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del opp deiga i åtte emner, bruk godt med mjøl på henda og trill ut åtte bollar.
  5. Trykk bollane litt flate og la dei heve i 20-30 min.
  6. Pensle hamburgerbrøda med mjølk og strø over sesamfrø.
  7. Steik på 200 grader i ca 10 min, til dei er gyldne.
  8. Avkjøl på rist.
  9. (Legg dei ekstra hamburgerbrøda i frysaren, så har du klar til neste gong!)

 

Hamburger:

  1. Rør alle ingrediensane saman til du får ei litt seig deig. Raskt i kjøkkenmaskin (eg brukte K-spaden på Kenwoodmaskina) eller litt lenger for hand.
  2. Del i fire og form dei til kvar sin ball og trykk dei ca 1 cm flate.
  3. Steik på middels-høg varme i 2-3 min på kvar side.

 

Tomatsalsa:

  1. Del alle ingrediensane i små bitar.
  2. Bland godt. Kan gjerne lagast på førehand og stå og trekke litt.

 

Hamburgerdressing:

  1. Rør saman alle ingrediensane.
  2. Smak eventuelt til med meir krydder.
hamburger

Denne pommes frites metoden er lest og henta frå Even Ramsvik sin spalte i D2. Vi har forsøkt den nokre gongar no, med har aldri hatt heilt tid til å legge det ein time på frys, eller hatt termometer tilgjengeleg kvar gong. Likevel blir det fantastisk gode pommes frites som resultat. Ikkje bli skremt av metoden, sjølv om det tek litt tid er det vel verdt å vente på!

Hamburgeroppskrifta er inspirert av kokeboka ”Sunt og godt” frå Statoil sine kokkar.

pommes frites

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.