Grønsaksuppe med kvite bønner

grønsaksuppe

Eg har fått fleire tilbakemeldingar om at de gjerne vil ha middagar med linser og bønner i. Her er ei enkel kvardagssuppe som har kvite bønner i staden for kjøt. Mild og lett å like for både små og store, men med flust av vitaminar og næringsstoff. Har du ikkje prøvd linser før er dette ein fin-fin start!

Dette treng du:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • ½-1 squash
  • 6-7 dl vatn + grønsakbuljong
  • 1 pakke store kvite bønner (380g, derav 230g bønner)
  • ½ raud paprika
  • 100 g (½ pk) eggnudlar
  • 1 stilk stangselleri
  • 1 dl matfløyte
  • salt og peppar
hvite bønner

Slik gjer du:

  1. Skjær løk, squash og kvitløk i bitar.
  2. Fres dei i litt olje (eg brukte kokosolje), til løken er blitt blank.
  3. Tilset vatn og grønsakbuljong. Kok opp og la småkoke nokre minutt til squashen er mør.
  4. Kjør suppa glatt med ein stavmiksar (kan sløyfast).
  5. Del paprika og stangselleri i bitar, skyll bønnene i vatn og ha alt i suppa saman med eggnudlane.
  6. La småkoke i 5-10 min til nudlane er ferdige. Rør inn matfløyte og smak til med salt og peppar.
  7. Server med godt brød og gjerne eit parmesan dryss over.
nuddelsuppe

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.