Kokosbollar

kokosbolle

På instagram har eg tidlegare publisert Kokosbollar, til stor begeistring. I denne versjonen er sukkeret meir enn halvert, og oppskrifta er inspirert av ein av mine favoritt TV-kokkar og TV-serien Tinas julekjøkken. I staden for delfiafett, som er herda kokosfett, har eg brukt extra virgin coconut oil kjøpt på helsekost. Men her kan du bruke det du har tilgjengeleg. Nydelege kokosbollar får du uansett:)

kokosbollar

Du treng:

  • 4 eggekviter
  • 125 g (ca 1,25 dl) sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ss vatn
  • 2 plater gelatin
  • 200 g mørk kokesjokolade
  • 25 g kokosfett
  • 3-4 ss kokosmasse
kokosbolle kokosbollar kokosbolle
  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 7-10 min.
  2. Stivpisk eggekviter med sukker og vaniljesukker.
  3. Knip ut vatnet av gelatinplatene og smelt dei inn i 2ss vatn i ei kasserolle.
  4. Vend den flytande gelatinen, i ein tynn stråle, inn i dei stivpiska eggekvitene.
  5. Ha over i ein plastpose, klipp eit hol og sprøyt små toppar på eit bakepapir.
  6. La stivne i kjøleskap i eit par timar.
  7. Hakk sjokoladen og smelt den i vassbad saman med kokosfettet.
  8. La det avkjøle seg litt.
  9. Bruk ein gaffel til å løsne kokosbollane frå bakepapiret og aus sjokolade over.
  10. Set tilbake på papiret, strø med kokosmasse før sjokoladen stivnar.

Oppbevar kokosbollane i kjøleskap, eller legg dei i frysaren om du ikkje klarer å ete opp/spandere vekk alle med ein gong;)

kokosbollar kvardagsmat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.