Halvgrove tebriks

Halvgrove tebriks

Dei fine tebriksa på bloggen her har vore veldig populære, men har litt for lite grovmjøl i seg til at dei kan passere til kvardags. I denne versjonen derimot har grovmjølet fått plass og resultatet er kvardags-tebriks!

Halvgrove tebriks

Du treng:

  • 6 dl mjølk
  • 25 g tørrgjær
  • 1 egg
  • 1 ss sukker
  • ½ ts salt
  • ½ ts bakepulver
  • 400 g grov sammalt kveite
  • 200 g havregryn
  • 400 g kveitemjøl + litt ekstra til utbaking
  • 1 egg til pensling
  • Valmuefrø
  • 3 ss mjukt smør
halvgrove tebriks halvgrove tebriks tebriks

Oppskrift:

  1. Bland alt det tørre og ha i egget og lunka mjølk.
  2. Elt i kjøkkenmaskin eller for hand til du har ei jamn deig, 7-10 min i maskin på sakte fart. Dekk med plast og la heve i 1-2 t.
  3. Del deiga i to emner og bruk godt med mjøl ved utbaking.
  4. Kjevle ut eit 30×80 rektangel. Smør deiga og brett den i to, kjevle litt utover slik at den blir 20×80.
  5. Smør deiga ein gong til og brett først den eine kanten inn mot midten, og deretter den andre på toppen, slik at det ligg i tre lag.
  6. Del opp i 4cm store stykker og sett på bakepapir.
  7. Pensle med samanpiska egg og strø valmuefrø over.
  8. Steik på 225 grader i 10-12 min til dei er gyldne.
tebriks

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.