Eltefritt rugbrød

eltefritt rugbrød

Eltefritt rugbrød er ein grovare versjon av det nydelege eltefrie brødet. Med quinoaflak får du med alle dei gode næringsstoffa frå dette ”superfrøet”, men har du ikkje det i hus kan det fint byttast ut med havregryn eller andre frø/kjerner.

Til 1 eltefritt rugbrød treng:

  • 200 g sammalt rug fin
  • 50 g quinoaflak (eller havregryn)
  • 50 g (knuste) linfrø
  • 300 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts honning
  • 4 dl lunka vatn
eltefritt rugbrød

Slik gjer du:

  1. Set bakebollen på vekta, og mål opp direkte i bakebollen. Rør raskt saman, ha på lokk og set til heving i 8-10t (gjerne over natta).
  2. Brett deiga nokre gongar over kvarandre med ein slikkepott. Set på lokket igjen og la etterheve så lenge du har tid, eg lot det stå i 2 timar.
  3. Set gryta du skal bruke inn i omnen og skru på 250 grader, over og undervarme. La gryta bli god og varm.
  4. Strø mjøl over deiga di og vipp/skrap den over i gryta. Legg på lokket og steik i 30 min.
  5. Ta av lokket, skru ned til 230 grader og steik i 15 min til. Brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd ved banking frå undersida.
  6. Avkjøl brødet på rist og vent helst ca 20 min før du skjær i det.
eltefritt rugbrød

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.