Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar vi får i oss dess betre! Sjølve suppa er ferdig på halvtimen, men nanbrøda bør du rekne litt ekstra tid på. Men det er dei verdt!

kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppa har ingrediensar som skal vere enkle å finne på ein kvar butikk. Her treng du ikkje oppsøkje asiatiske butikkar først, dette finn du i kjøkkenskapet eller på nærbutikken.

All deig som inneheld gjær er jo slik at dess lenger det får heve dess betre blir det. Sidan nanbrøda skal lagast med yoghurt som væske og små mengder gjær treng den litt tid. Deiga kan godt få stå på benken og godgjere seg i 2-3 timar før du kjevlar dei ut. Planlegg du litt fram i tid kan du la deiga kaldheve i kjøleskap til dagen etter. Det funkar veldig bra! Har du dårleg tid, så hev så lenge du kan. Litt er betre enn ingenting.

Om suppa skal på bordet ein travel kvardag så kan du sjølvsagt ta ein snarveg. Hent nanbrød frå frysaren som du har laga tidlegare, bruk ferdigkjøpte nanbrød eller serverer utan. Kyllingsuppe er nemleg kjapp nok til å bli servert ein heilt vanleg tysdag etter jobb!

nanbrød

Nanbrød til å fylle fryseboksen finn du her.

Denne oppskrifta har vore den meste populære på bloggen heilt frå den blei publisert i 2014. Om du likar den må du gjerne dele vidare, om du har innspel må du gjerne gi ein lyd til meg. Du bloggen både på facebook, instagram og snapchat under namnet kvardagsmat. Eg håper suppa fell i smak!

Oppskrift på Kyllingsuppe med nanbrød

3-4 porsjonar / Tid: 30 min for suppa

Kyllingsuppe

  • 2 kyllingfiletar
  • 1 raud paprika
  • 1/2 squash
  • 1 løk
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 2,5 dl kyllingkraft
  • 400 g kokosmjølk
  • 2 ts karri
  • 1-2 vårløk
  • 1 cm ingefærrot

Nanbrød

  • 250 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 1 ts tørrgjær
  • 175 g gresk yoghurt
  • 2 ss solsikkeolje
  • 1 egg
  • (kvitløkpulver/koriander)
  1. Kyllingsuppe:
    Del kyllingen i bitar og fres dei i litt nøytral olje (solsikke/raps) i ei steikepanne. Strø over 1 ts karri og la det frese med. Set til side.

    Del løk, paprika og squash i terningar. Finhakk kvitløk og ingefær.

    Fres alle grønsakene i litt olje til løken er blank i gryta du skal lage suppa i.

    Hell over kyllingkrafta. Kok opp.
    La småkoke i 5-10 min, til grønsakene er møre.

    Rør inn kokosmjølka.

    Ha i kyllingen og smak til med meir karri om det trengst.
    Strø vårløk over før servering.

  2. Nanbrød:
    Bland alt det tørre. Ha i yoghurten og egget og elt godt saman.
    Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, dess lenger dess bedre.

    Skru omnen på maks temperatur (300 grader går min til) og sett inn eit steikebrett.

    Del opp i 4-5 emne, bruk godt med kveitemjøl og trykk/klapp dei flate. Strø eventuelt kvitløks pulver over og trykk det litt ned i deiga.

    Set på grillfunksjonen når omnen er varm nok.

    Legg to emne direkte på det varme steikebrettet. (Ikkje bruk bakepapir, det tek fyr!). Og set brettet inn på øvste/nest øvste rille i omnen.

    Følg nøye med! Nanbrødet er ferdig på 2-3 min, og svir seg før du anar!
    Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.