Petterkjeks

petterkjeksPetterkjeks er vel det næraste du kjem julemannar utan at det treng å vere julehøgtid. Då treng ein vel ikkje utbrodere noko meir at dette er populær bakst blant kidsa!

Denne oppskrifta gir 6-7 steikebrett, men fortvil ikkje om du manglar ein barnehage å mette, kjeksa kan fint frysast!

Kjeksa er fine å ete som dei er, eller så kan du servere dei med smør og brunost som er min favoritt.

Til 6-7 steikebrett petterkjeks treng du:

  • 1 l kulturmjølk
  • 4 dl sukker
  • 4 ss hornsalt
  • 1 ts bakepulver
  • 300 g smelta smør
  • 600 g havregryn
  • ca. 1600 g kveitemjøl + ekstra til utbaking
petterkjeks

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Smelt smøret og bland alt godt saman i ein bakebolle. (Eg synest eg får best resultat dersom eg lagar ei litt klissete deig og heller bruker mykje mjøl ved utbakinga).
  3. Kjevle til ei flat leiv (som om du skulle ha laga julemannar) og stikk ut kjeks med ei form eller eit glas. Prikk dei med eit grillspyd el.l.
  4. Legg over på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i 10-12 min til kjeksa er gylne.
  5. Avkjøl på rist.

Serverast som dei er eller med smør og ost.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.