Jordskokksuppe med søtpotetchips

jordskokksuppe

Ei spanande suppe med rik smak og trendy ingrediensar. Enkel å lage, og du kan variere den med å lage med berre mjølk i staden for vatn eller med ei blanding av vatn og matfløyte som eg har gjort her

Du treng:

  • 500g jordskokk (uskrelte)
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 sjalottløk
  • 1/2dl tørr kvitvin (eller eplejuice)
  • 7dl vatn + 1 grønsaksbuljong (eller grønsakskraft)
  • 1dl matfløyte (eller mjølk)
  • salt og peppar
  • litt sitronsaft

Garnityr:

  • god olivenolje
  • 10 tynne skiver søtpotet
  • solsikkeolje til frityr
  • friske urter
jordskokk

Suppa:

  1. Skrell jordskokkane og del dei i terningar. Hakk løk og kvitløk.
  2. Surr grønsakene i 1 ss solsikkeolje i nokre minutt, til løken blir blank. Hell over kvitvinen og la den koke inn.
  3. Fyll på med vatn og grønsaksbuljong (alt må vere dekka) og kok opp. La småkoke til grønsakene er møre, ca 15-20 min. I mellomtida kan du lage klart garnityren.
  4. Kjør suppa glatt med ein stavmiksar eller ein blender.
  5. Tilset matfløyte og krydre med salt og peppar.
  6. Ha i ein skvis sitron og aus opp.
  7. Ringle over litt av di beste olivenolje, legg på søtpotetchipsa og pynt med friske urter.

Garnityr:

  1. Vask søtpoteta godt, eller fjern skallet.
  2. Skjær tynne skiver med ein kniv eller ein ostehøvel.
  3. Fyll 1-2 cm solsikkeolje i ei lita kasserolle. Varm opp oljen og friter søtpotetskivene. (Sjå tips under).
  4. Legg søtpotetchipsa over på eit kjøkkenpapir for å renne av seg. Du kan gjerne fritere dei to gongar.
kvardagsmat

Frityr-tips:

Oljen er varm nok når du stikk ei tresleiv ned, og det kjem bobler rundt den. Du kan og skvette ein liten dråpe vatn for å sjå om den skvett av igjen.

Ha lokk tilgjengeleg som du kan legge over, og bruk aldri vatn for å sløkke dersom det tek fyr.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.