Chili con carne

chili con carne

Denne gryta serverte eg til «barseljentene» sist vi møttes. Ei gryte som er enkel å lage men som kan stå og putre og berre blir betre dess lenger tid den får er perfekt når ein ventar gjestar og gir rom for støvsuging og anna nødvendig shining. Uformelt med gryta rett på bordet er kjekt når maten ikkje skal ha hovudfokus. Heimelaga tortillachips gjer det lille ekstra og kan anbefalast!

Til 4-5 personar treng du:

Chili con carne

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 løk
  • 2 paprika (gjerne i ulik farge)
  • 3 fedd kvitløk
  • ½ raud chili
  • 1 ts chilipulver
  • 1 ts spisskummen
  • 1 kanelstang (eller ¼ ts malt kanel)
  • 2 boksar hermetiske tomatar
  • 2 boksar kidney bønner
  • ½ ts sukker
  • salt og peppar
  • 3-4 ruter mørk kokesjokolade
  • 1 lime i båtar
chili con carne
  1. Steik karbonadedeiga i litt smør med salt og peppar og sett til side.
  2. Skjær paprika, løk, kvitløk og chili i terningar. Fres det nokre minutt i litt nøytral olje (t.d. solsikkeolje) til løken er blank.
  3. Tilset krydderet og bland det godt inn.
  4. Ha over hermetiske tomatar og karbonadedeiga og la det småkoke i ca 10 min.
  5. Skyll av bønnene og ha dei i saman med sukker og sjokolade. Smak til med meir krydder om det trengst, og fjern kanelstanga.
  6. Gryta er klar til servering når bønnene er varme.
tortillachips

Tortillachips

  • 3-4 fullkorn tortillalefser
  • solsikkeolje
  • salt (gjerne maldonsalt)
heimelaga tortillachips
  1. Sett omnen på 225 grader.
  2. Del tortillalefsene i ”pizzastykker”.
  3. Pensle begge sider med olje og legg dei på bakepapirkledd steikebrett.
  4. Strø salt over.
  5. Steik dei i ca 5 min øverst i omnen til dei er sprø.
  6. Avkjøl på rist.

Oppskrift (med ørsmå endringar) henta frå ”Trines mat”.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.