Knekkebrød med quinoaflak

quinoaknekkebrød

Quinoa har blitt ein favoritt, og knekkebrød blir laga jamt her i huset. Kombinasjonen av dei to måtte bli ein suksess. Her har eg brukt quinoaflak i staden for heil quinoa som eg brukte i desse rundstykka. Quinoaflak er quinoafrø som er dampa og valsa og skal vere veleigna til graut og müsli. Og etter å ha testa denne oppskrifta håpar eg du er einig i at dei passar godt i knekkebrød!

Du treng:

  • 3 dl quinoaflak
  • 2 dl solsikkekjerner
  • 2 dl graskarkjerner
  • 2 dl linfrø
  • 2 dl sesamfrø
  • 2 dl grov sammalt rug
  • 2 dl havrekli
  • 2 dl havregryn
  • 1 ts salt
  • 1 l vatn (gjerne med kullsyre)
quinoaknekkebrød

Slik gjer du:

  1. Bland alt og la det trekke i ca 15 min. Skru omnen på 150 grader varmluft.
  2. Spre utover 3 bakepapirkledde steikebrett. (Bruk gjerne henda)
  3. Sett alle bretta i omnen samtidig.
  4. La dei steike i 10 min. Ta dei ut og rut dei opp i 4×4. Bruk ein slikkepott eller ein kniv.
  5. La dei steike i 20 min før du byttar plass på bretta. Gjer dette to gongar til, slik at du steiker i 3×20 min. Avkjøl på rist.

PS. Ofte blir dei fire knekkebrøda i midten på brettet ikkje heilt tørre, då let du dei berre steike 10-15 min ekstra:)

Quinoa får du kjøpt på helsekost og invandrarbutikkar. Etter fleire spørsmål legg eg inn bilete av korleis pakken eg har med quinoaflak ser ut:

quinoaflak

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.