Enkel grøn smoothie

grøn smoothie

Grøn smoothie har blitt ein eigen greie, og har du ikkje forsøkt enda er det berre å leite fram blendaren og gjere seg klar. Er du skeptisk kan du lage ein mild versjon første gongane:

Nybegynnar

  • ½ frosen banan
  • 2 nevar frisk spinat el babyspinat (smakar mildt og blir godt opphakka)
  • 2-3 tjukke skiver agurk
  • ca 1/2dl eplejuice
  • ca 1 glas vatn

Med grønnkål

  • ½ frosen banan
  • 2 blad grønnkål (utan “stammen”)
  • 2-3 tjukke skiver agurk
  • 1/3 paprika
  • 1ss gresk yoghurt
  • ca 1/2dl eplejuice
  • ca 1 glas vatn

Med spinat og avokado

  • ½ frosen banan
  • 2 nevar frisk spinat el babyspinat
  • 2-3 tjukke skiver agurk
  • ½ avocado
  • 2-3 brokkolibukettar
  • ca 1/2dl eplejuice
  • ca 1 glas vatn
grøn smoothie

Du kan sjølvsagt ha i akkurat det du vil og finne dine eigne favorittar. Eg må ha ein halv frosen banan i mine, og det har eg stort sett alltid liggande i frysaren. Brune bananar blir delt opp i bitar og lagt små posar. Og vips – litt betre samvit for mat som kunne blitt kasta:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.