Eltefri rundstykker med quinoa

quinoarundstykker

Har du quinoa til overs etter denne middagen for eksempel? Quinoa er genialt å bruke i staden for ris eller pasta sidan det inneheld så mange fleire næringsstoff. Superfrøet blir det kalla, og då gjeld det å nytte det på flest mogleg måtar. Kok til middag og bruk restane i denne eltefrie deiga som du rører saman om kvelden. Då får du nydelege rundstykker og  slepp å kaste restar i tillegg til alle helsegevinstane! I denne oppskrifta har eg nytta svarte quinoafrø, men bruk den fargen du vil! Er quinoa heilt nytt for deg rår eg deg til å starte med den lyse versjonen som er mildast.

Du treng:

  • 200g kokte quinoa
  • 400g kveitemjøl
  • 50g fin sammalt rug
  • 50g solsikkefrø
  • 1ts gjær
  • 1ts salt
  • 4dl vatn

quinoarundstykkerquinoarundstykkerkvardagsmat 

  1. Set bakebollen på vekta, og mål opp alt direkte i bakebollen. Rør raskt saman til ei klissete deig og sett på lokk. La heve i 8-10t, gjerne over natta.
  2. Bruk ein slikkepott og brett deiga nokre gongar over kvarandre, før du har den over på eit bakepapir som er strødd med litt mjøl og brettar den slik at du får forma ei avlang pølse. (Sjå bilete over eller her)
  3. Strø med litt ekstra mjøl og legg over plast. La heve i 30 min, medan omnen får varme seg opp til 250gr med eit steikebrett inni.
  4. Del pølsa opp i rundstykker vha ein kniv eller ein spiss slikkepott.
  5. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og skru ned til 230gr.
  6. Steik midt i omnen i 12-15 min. Avkjøl på rist.
quinoa

 

Etter fleire spørsmål om eg kan legge inn bilete av korleis quinoa ser ut får de her bilete av den siste quinoapakken eg kjøpte. Eg vil gjerne ha økologisk:)

quinoa

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.