Eltefritt brød med heilkorn frå kveite

Eltefritt brød med heilkorn frå kveite

Eltefritt brød har blitt vårt kvardagsbrød. Anten blir det rørt saman om kvelden og steikt om morgonen, eller så blir det rørt saman om morgonen og steikt etter middag. Har du først gjort det ein gong og sett kor enkelt det er tippar eg du óg blir hekta!

I denne versjonen har eg brukt heilkorn av kveite som bør blautleggjast ei stund først. Jobben blir likevel like enkel, du treng berre litt ekstra tid. Andre eltefri brød finn du her.

Til 1 eltefritt brød med heilkorn av kveite treng du:

  • 100g kveite heilkorn
  • 4dl kokande vatn
  • 400g kveitemjøl
  • 75g sesamfrø
  • 1ts salt
  • 1ts tørrgjær

Slik gjer du:

  1. Slå kokande vatn over heilkorna og la det stå å trekke ein time.
  2. Rør inn dei andre ingrediensane til alt er blanda.
  3. Set på lokk og la heve 8-10 t.
  4. Brett deiga nokre gongar over kvarandre, set på lokket igjen og la etterheve i 30-60 min.
  5. Set gryta du skal bruke inn i omnen, og set omnen på 250 °C. La gryta og omnen bli heilt varme før du har deiga oppi gryta, strør litt sesamfrø over og set på lokket. Steik i 30 min.
  6. Skru ned til 230 °C og steik i 15 min til.
  7. Avkjøl på rist.

Så er det berre å smøre seg med tolmod til brødet har fått kolna i 20-30 min, før du kan nyte første skivar. Då er det nydeleg nysteikt brød med sprø og god skorpe. Oppbevar brødet i eit kjøkkenhåndkle, men vent med å pakke det inn til det er avkjølt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.