Raud pastasalat med kylling

pastasalatDenne salaten smakar nydeleg og er super å lage kvelden før. Den held seg fint i kjøleskap og er god å ta med på tur eller ha med i lunsjboksen.

Dette er fin mat å servere venninnegjengen eller ha i eit selskap, sidan den kan lagast i førevegen og det ikkje gjer noko om du lagar for mykje. Då har du nydeleg restemat. Du kan sjølvsagt blande i dine grønsak-favorittar, og bruke denne oppskrifta som ei base.

Raud pastasalat med kylling til omlag 4 personar:

  • 4 kyllingfiletar
  • 1 ss paprikapulver
  • 300 g fullkornpasta
  • 1 pk sukkererter
  • 1 boks cherrytomatar
  • 3 vårløk
  • ½ rødløk
  • 1 pk ruccola
  • 1 glas fetaost

Dressing:

  • 3 fedd kvitløk
  • 1 raud chili
  • 1 glas soltørka tomat inkl. oljen
  • 1 ts tomatpuré
  • ½ raud paprika
  • saft av 1 lime
pastasalat

Slik gjer du:

  1. Lag dressingen først. Fjern frø og hinne frå chilien og ha den saman med resten i ein blender el.l. og kjør til det blir ei jamn masse. Spe med litt olivenolje dersom det blir for tjukt for blendaren din. Set til side.
  2. Kok pasta i lettsalta vatn, til den er ”al dente” etter ca 7-10 min. Ha over i dørslag og skyl med kaldt vatn.
  3. Del kyllingen opp i bitar og strø over paprikapulveret medan du steiker det i litt solsikkeolje.
  4. Skjær vårløken i ringar, rødløken i små båtar, sukkerertene i bitar, del cherrytomatane i to og riv ruccolaen i litt mindre lengder og ha i ein stor bolle.
  5. Bland dressingen inn i pastaen, og ha den i salatbollen saman med kyllingen.

Server med fetaost og gjerne godt brød.

TIPS: dressingen held seg i allefall ei veke i kjøleskap og er fin å ha ståande. Bruk den gjerne i andre rettar, eller smør den på ei brødskive og legg ost på så har du nydelege ostesmørbrød på få straksar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.