Tomatsuppe med squash

tomatsuppe

Etter ei lang juleveke ligg det som regel igjen noko i kjøleskapet som ein ikkje rakk å bruke likevel. Litt løk, litt vatn med buljong/kraft og dei grønnsakene du har blir raskt til ei god suppe! I mitt kjøleskap låg det igjen ein squash som blei utgongspunkt for denne suppa, prøv du òg då vel!

Tomatsuppe med squash til 2:

  • 1 løk
  • ca 1 liter vatn
  • Kyllingkraft el. 1 buljongterning
  • 1 boks hakka tomat
  • 1 squash
  • 1 ss tomatpuré
  • 1 brett torito/cherry-tomatar (kan sløyfast eller byttast ut med ei ekstra boks hakka tomat)
  • ½ ts sukker
  • 1ts timian

Krutongar:

  • 3-4 skiver brød
  • Salt, peppar og koriander

tomatsuppe

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader (til krutongane).
  2. Skjær løk og squash i terningar og fres det på middels-høg varme i litt solsikkeolje til løken har blitt blank.
  3. Ha i vatnet og buljongen/krafta og kok opp.
  4. Tilsett tomatar, tomatpuré og timian og la det småkoke i ti min.
  5. Lag krutongar ved å skjære opp brød i terningar og ringle over olivenolje. Krydre med salt, peppar og koriander. Steik midt i omnen i 10 min.
  6. Kjør suppa glatt med ein stavmiksar eller ein blender og smak til med litt sukker.

Klar til servering!

 

tomatsuppe

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.