Fletteloff

flettaloff Fletteloff høyrer med til jul og høgtid, og gjer seg ekstra godt på eit fint dekka frukostbord eller buffétbord. Kanskje skal du invitere inn til ein god familielunsj og vil gjere litt ekstra stas? Flettaloff med valmuefrø er luftig og god bakst å servere både til ost, salat og kjøtpålegg.

I oppskrifta får du forklart korleis du skal flette med fire remser, som var overraskane enkelt. Du kan sjølvsagt velje å flette vanleg med tre remser, nydeleg fletteloff får du uansett.

flettaloff

Til 2 flettaloff treng du:

  • 3 dl mjølk
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ss sukker
  • 3 ss smelta smør
  • ca 500 g kveitemjøl

Topping:

  • 1 egg
  • 2-3 ss valmuefrø
fletteloff

Slik gjer du:

  1. Bland det tørre, hald igjen litt av kveitemjølet i starten, og tilset fingervarm mjølk og smelta smør.
  2. Elt til du har ei blank og smidig deig, anten for hand eller i kjøkkenmaskin.
  3. Dekk til med lokk/tallerken/plast og la heve 1-2 t.
  4. Ha deiga på mjøla bakebenk og elt til den er god å jobbe med.
  5. Del i 4 delar og trill til lange pølser. Fest dei saman i toppen og begynn med pølsa ytterst til høgre. Flett den mot venstre, over og under dei tre andre pølsene. Fortsett med den som no ligg ytterst til høgre og gjenta til du har ein fin flettaloff.
  6. Dekk med plast og la etterheve i 30 min.
  7. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  8. Pensle med samanpiska egg og strø valmuefrø over.
  9. Steik midt i omnen i ca 20 min, til loffen er gyllen.
  10. Avkjøl på rist.
fletta loff

Flettaloffen kan pakkast i plastpose og frysast. La den tine på benken og varm den på 150 grader varmluft i 5-7 min før servering, så er den nesten som nysteikt igjen!

Oppskrifta er opprinneleg henta frå Strømstad si bok ”Norsk Julemat”.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.