Knekkebrød med kli

knekkebrød_des

  • 50g kruskakli
  • 70g havrekli
  • 100g fin sammalt rug
  • 120g solsikkekjerner
  • 160g sesamfrø
  • 60g linfrø
  • 75g havregryn
  • 140g graskarkjerner
  • 1,5ts salt
  • 7dl vatn med kolsyre

Rør saman og la svelle i 10 min.

Stryk utover 3 bakepapirkledde steikebrett.

Skru omnen på 150gr varmluft og steik i 10 min før du rutar opp kvart brett i 4×4 knekkebrød.

Bytt plass på bretta etter 20 min, steik vidare og bytt plass ein gong til slik at du steiker i totalt 1 time.

Avkjøl på rist:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.