Fiskesuppe med kvitvin

fiskesuppe med hvitvin

Fiskesuppe med kvitvin er enkel å lage og smakar mildt og godt slik ei fiskesuppe skal gjere. Det som tek mest tid er å koke inn kvitvinen, så gå i gong og få gjort ferdig punkt 1 og 2 før du tek deg tid til å gjere klart resten av ingrediensane og kanskje dekke på bordet. Når punkt to er over er nemleg fiskesuppa klar på ti minutt:)

heimelaga fiskesuppe

Fiskesuppe med kvitvin til ca 4 personar:

  • 2 ss ghee/smør/solsikkeolje
  • 3 sjalottløk
  • 1-2 gulrot
  • 1-2 blad fennikel
  • 1/4 sellerirot
  • 4 dl kvitvin
  • 1 l kraft eller vatn + fiskebuljong/grønsaksbuljong
  • ½ dl fløyte
  • 1 ss créme fraiche
  • 2 ss brokkoli
  • 3 ts maizena + 1dl kaldt vatn
  • ca 400 g laks
  • ca 400 g torsk (eller anna kvit fisk)
  • salt og peppar
fiskesuppe med fennikel

Slik gjer du:

  1. Del løk, gulrot, fennikel og sellerirot i små bitar og fres saman med smøret til løken blir blank.
  2. Ha i kvitvinen og la dette koke inn til det er ca 1 dl væske igjen. (Dette tek 20-30 min.)
  3. Medan du ventar delar du fisken i terningar og måler opp resten av ingrediensane.
  4. Ha i vatnet og fiskebuljongen og gi suppa eit raskt oppkok.
  5. Rør ut maizena i 1 dl kaldt vatn og hell den i suppa medan du rører.
  6. Kok opp suppa på nytt, før du skrur ned på svak varme og tilset fiskebitane, brokkoli i bitar, fløyte og créme fraiche.
  7. La suppa trekke på svak varme i 5-6 min til fisken er ferdig.
  8. Smak til med salt og peppar.
  9. Server med godt brød:)
fiskesuppe med torsk og laks fiskesuppe

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.