Superenkel FISKEGRATENG

superenkel fiskegrateng

Superenkel fiskegrateng er verkeleg så enkel som den høyres ut. Denne versjonen treng verken forkoking av makaroni eller fisk, og er laga på 1-2-3. Kjøpeversjonen har ikkje sjanse i konkurranse mot denne. Prøv så ser du også!

Eg trudde knapt det kunne gå bra då ivrige facebooktilhengjarar kom med desse innspela, men dette blei veldig veldig bra, og er ein super kvardags-fiskegrateng. Tusen takk for innspel og gode oppskriftsdelingar! Herleg kvardagsmiddag, utan stivpisking av eggekvitar og koking av makaroni og fisk, takka vere gode kommentarar på facebook!

TIPS: Gratengen kan enkelt lagast glutenfri ved å bruke glutenfri makaroni og bytte ut kveitemjølet med lyst glutenfritt mjøl. Knekkebrødet på toppen kan du skippe eller bytte til glutenfri versjon der også,

Oppskrift på Superenkel FISKEGRATENG

4 porsjonar / Tid: 15 min + 45 min steiking

  • 400 g (rå) torsk
  • 125 g (ukokt) makaroni
  • 3 vårløk
  • 3 egg
  • 2-3 ss smør
  • 2-3 ss kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 1 klype muskat
  • Salt og pepar
  • 2 (knuste) knekkebrød
  1. Lag kvit saus ved å smelte smøret og røre inn kveitemjølet. Spe med mjølka litt og litt, rør kraftig og la det koke opp mellom kvar gong for å unngå klumpar. Krydre med muskat, salt og peppar. La småkoke i 5 min.

  2. Bland i makaronien og sett til side slik at det avkjøler seg litt.

  3. Skjær opp torsken i terningar og vårløken i skiver.

  4. Bland inn eit og eit egg i den kvite sausen. Vend så inn torsk og vårløk.

  5. Ha over i ei eldfast form, strø over knust knekkebrød.

  6. Steik midt i omnen på 225 grader i ca 45 min. Server med kokte poteter, gulrot og smelta smør.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.