Kjapp kyllingwok med fennikel

wok

  • 2 kyllingfiletar
  • 1ss soyasaus
  • 1ss sweet chili saus
  • 2 gulrøter
  • 4 asparges
  • 2-3 vårløk
  • ½ raud paprika
  • ½ fennikel
  1. Del kyllingen i bitar og legg den i ein brødpose saman med soyasaus og sweet chili sausen, bland godt.
  2. Del alle grønsakene i strimlar/bitar.
  3. Fres kyllingen på høg varme i ei wok- eller steikepanne i litt solsikkeolje. Legg til side.
  4. Ha i gulrot, vårløk, fennikel, asparges og paprika. Fres til dei blir varme, men ikkje ”slappe”.
  5. Ha kyllingen over og la den vere med nokre minutt for å bli heilt varm.
  6. Server med nudlar og set gjerne fram sausane du har brukt på bordet.

Middag på 1-2-3 🙂

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.