Eltefri rundstykker med solsikkekjerner

DSC_0034

 

Du treng:

  • 150 g grov sammalt rug
  • 350 g kveitemjøl
  • 50 g solsikkekjerner
  • 25 g linfrø
  • 25 g sesamfrø
  • 1ts tørrgjær
  • 1ts salt
  • 1ss flytande honning
  • 4 dl lunka vatn
steg for steg

 

Slik gjer du:

  1. Rør alt raskt saman til ei klissete deig og la heve ca. 10 timar, gjerne over natta.
  2. Bruk ein slikkepott og brett deiga nokre gongar over kvarandre, før du har den over på eit bakepapir og brettar den slik at du får forma ei avlang pølse. Strø med litt mjøl og legg over plast. La heve i 30 min, medan omnen får varme seg opp til 250 grader med eit steikebrett inni.
  3. Del pølsa opp i rundstykker vha ein kniv eller ein spiss slikkepott. Pensle med vatn og strø solsikkekjerner på toppen.
  4. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og skru ned til 230 grader. Steik midt i omnen i 12-15 min.
  5. Avkjøl på rist og nyt nysteikte rundstykker frukosten/lunsjen:)

PS. Får du rundstykker til overs legg du dei berre i frysaren. Set dei rett frå frysaren og inn i kald omn, skru på 180gr varmluft og la dei stå i 12-13 min.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.