Hasselnøttbrød

hasselnøttbrød3

Dette brødet er laga etter vanleg eltefri metode, men i staden for frø har eg hatt i kverna hasselnøtter. Det gir ein god nøttesmak og litt variasjon til kvardagsbrødet. Du rører raskt saman deiga og let den stå på benken med lokk i 8-12 timar, gjerne over natta eller medan du er på jobb, før du brettar det saman og let det etterheve før det går i omnen. Med litt planlegging har du verdas enklaste og beste brød, det einaste du treng er tid.

Finn fram:

  • 100 g hasselnøtter
  • 150 g finmalt rug
  • 350 g kveitemjøl
  • 50 g linfrø
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 skvis eller 1 ts honning
  • 4 dl lunka vatn

hasselnøttbrød

Trinn 1:

Rist hasselnøttene på middels-høg varme i ei tørr steikepanne i nokre minutt. Avkjøl dei litt før du finhakkar dei eller kjører dei fine i ein foodprosessor.

Sett bakebollen på ei vekt, null ut og mål opp alle dei tørre ingrediensane. Ha i ein skvis honning, eller rør ut ei ts i vatnet og ha i dette. Rør deiga raskt saman til alt er blanda. Ha på lokk og set til heving

Trinn 2:

Bruk ein slikkepott og fald/brett deiga over kvarandre eit par gongar før du skrapar den over på eit bakepapir. Klapp den til ei flat avlang pølse (strø på litt mjøl om slikkepotten heng fast) og brett den dobbel slik at den framleis er avlang men no litt høgare. Ta tak i bakepapiret og løft bakepapiret med deiga på over i ei brødform, form brødet slik at det fyller ut forma og er like tjukt over det heile. Pensle med vatn og strø over hakka hasselnøtter. Legg plastfolie over og set til etterheving i ca 1 time.

Set omnen på 250 grader,  men senk temperaturen til 220 i det du sett inn brødet. Steik i 40 minutt til brødet er ferdig.

Avkjøl på rist. Og gle deg til nydeleg nøttebrød:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.