Waldorfsalat

waldorfsalat

På eit godt koldtbord høyrer sjølvsagt Waldorfsalaten med, og den lagar du enkelt sjølv! Denne oppskrifta har eg fått frå svogeren min, som alltid stiller med deilig Waldorfsalat til koldtbordet.

Frisk, knasande og med syrleg smak av eple er dette ein av mine favorittar, og kanskje like viktig å ha med som potetsalaten.

Til ei middels skål treng du:

  • 3 epler i terningar (med skalet)
  • 3 stilkar stangselleri i bitar
  • 1 boks hermetisk ananas i bitar (ta vare på juicen)
  • 50 g valnøtter (spar nokre til pynt)
  • 1,5 dl majones
  • 1,5 dl krem
  • 200 g blå druer delt i to (spar nokre til pynt)
  • Safta av ein halv sitron

waldorf2

Slik gjer du:

  1. Skjær opp eple, stangselleri og druer.
  2. Pisk krem og bland i majonesen.
  3. Bland i eple, druer, stangselleri, ananas og valnøtter.
  4. Smak til med sitron og ananasjuice.
  5. Pynt med valnøtter og druer. Ferdig!:)

Salaten kan gjerne stå over natta, men vent då med å legge på pynten til dagen etter.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.