Smørbrødkjeks med solsikkefrø og havregryn

smørbrødkjeks

Denne oppskrifta er henta frå baksida av pakken med lokalprodusert havregryn: Mylnå i Volda lagar «Platetørka Havregryn» og på pakken har dei oppskrifta på «Voldas beste smørbrødkjeks». Det måtte vi sjølvsagt prøve! Eg har justert oppskrifta noko, vi enda opp med å trenge meir mjøl enn det som stod på pakken, så her får du min versjon:

Du treng:

  • 2 dl solsikkefrø
  • 1 dl sesamfrø
  • 1 dl linfrø
  • 6 dl havregryn (helst platetørka frå Mylnå sjølvsagt)
  • 1/2 dl sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ss hjortesalt
  • 150 g smelta smør
  • 3,5 dl kulturmjølk
  • 1 egg
  • ca 7 dl kveitemjøl

utstikksmørbrødSlik gjer du:

  1. Bland saman alle ingrediensane, hald tilbake litt av kveitemjølet til å begynne med. (Eg brukte K-spaden på Kenwoodmaskina for å få alt blanda godt i hop.)
  2. Kjevle ut deiga til den er ca 1/2 cm tjukk og stikk ut kjeks ved hjelp av eit glas eller liknande.
  3. Legg over på bakepapir og bruk eit grillspyd/spisepinne til å prikke kjeksa med.
  4. Steik midt i omnen på 200 grader i 10-12 minutt, til kjeksa er gyldne i kanten.
  5. Avkjøl på rist og nyt dei med smør og ost:)
matshol

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.