Aniskringle

aniskringle

Når eg skal bake er ønskja stort sett kanelbollar (eller kanel-i-svingane om du vil) eller vanlege kveitebollar. Men avogtil bryr ikkje mor seg med å spørje kva gutane ønskjer seg og set i gong med eigne gjærprosjekt, slik som denne gongen. I kveld laga vi aniskringle, med eitt mål for auget: å kunne nyte dei varme (med brunost på) når haustkvelden blei som mørkast og kaldast ute. Denne kringla med eit hint av lakris kan anbefalast til både små og store, leit fram ingrediensane og gå i gong!

Du treng:
1 pk tørrgjær
6 dl lunka h-mjølk
100 g sukker
3 ts anisfrø
0,5 ts kardemomme
150 g smør
ca 1 kg kveitemjøl

Set bakebollen på ei kjøkkenvekt, null ut og mål opp alt det tørre, men hald tilbake ca 100 g av mjølet. Bland i mjølka og elt til du har ei samla deig. Del smøret i terningar og elt vidare i ca 10 minutt, til du har ei jamn deig. Dekk bollen med eit lokk/ein middagstallerken og set til heving i 1-2 timar.

Del opp i 24 emner, trill pølser og form til kringler.
Legg på brett og dekk med ei kjøkkenhåndkle, etterhev i 30 min. Sett omen på over og undervarme 200 grader. Pensle med samanvispa egg og lat steike midt i omnen i 10-12 minutt. Følg med på slutten, bollane skal ha farge på toppen og lett farge under når dei er ferdige.
Avkjøl på rist.

Nyt med smør og brunost og gjerne eit glas melk.
Blir det kringler til overs kan du legge dei i frysaren og tine dei før du varmar dei i 3 minutt på 150 varmluft, og dei er som nybakte igjen!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.